onsdag 21. januar 2009

Mengele Zoo - Gert Nygårdshaug

Diskusjonen omkring bøkene vi har lese i det siste har vore laber. Derfor forsøker eg denne gongen å legge inn eit litt meir solid innleiingsinnlegg. Dette var, for min del, ei bok det var lett å like. Så nå lurer eg på kva de synes.
Om Mino?
Om tematikken?
Om boka?
Om skrivemåten?
Om etikken i historia?
Eller om andre ting de måtte komme på.

Eg har "jukset littegranne" og kopiert inn ei bokomtale som eg skreiv i oktober, i samband med eit forfattarmøte med Gert Nygårdshaug.

Det er sjeldan at eg leser bøker som er så engasjerande at eg går og tenker på at eg lurer på korleis det går med hovudpersonen i boka. Men denne boka er ei slik bok. Heilt frå første side har eg vore spent på kva som vil skje vidare med Mino, den vesle guten som mister heile familien og landsbyen i ei massakre. Forvirra og redd går han rundt i den latin-amerikanske jungelen, der han møter tryllekunstaren som meir eller mindre adopterer gutungen. Mino sin store lidenskap er sommarfuglar, som han fangar i jungelen og seinare preparerer. Mino har lært, frå han var liten, at ein aldri skal plukke eller hogge ein plante i jungelen, utan å plante ein ny. Dei store multinasjonale oljeselskapa og papirfabrikkane som henter råvarene sine i jungelen lever ikkje etter denne regelen. Etterkvart som Mino blir eldre, startar han ei terroristgruppe som aksjonerer mot desse fimaene som øydelegger jungelen.

Eg har sjølvsagt vore nødt til å legge boka frå meg, men eg har gleda meg til å ta henne opp igjen, kvar gong. Boka er spennande og samtidig rørande. Miljøproblematikken er stadig meir aktuell, men historien om Mino er fortalt på ein måte som verkeleg synleggjer problematikken.

Språket er godt. I den første delen av boka blir historia om Mino fortald på ein barnleg og enkel måte. Lesaren får presentert verda gjennom jungelguten Mino sine auge, og språket gjer presentasjonen truverdig. Den enkle og naive forteljarmåten om kvardagen i jungelen og reisene saman med tryllekunstnaren er gjennomført og veldig god.
Etterkvart som Mino lærer meir om verda, blir også språket til forteljaren meir verdsvant og ordbruken får forteljarstemma til å framstå som langt meir opplyst. Dermed blir språkbruken med på å reflektere utviklinga til karakteren, noko som i neste omgang får forteljarstemma til å framstå som veldig truverdig.

Boka om Mino blei kåra til "Folkets favoritt" av NRK og Dagbladet i 2007. Dette var eit godt val, og boka fortener absolutt denne kåringa. Boka skal nå også filmatiserast av Nils Gaup. Eg venter spent på hans tolking.

Så nå folkens - køyr debatt!
-bai

1 kommentar:

Epletreet sa...

Jeg har lest denne boken, synes den var utrolig fin. Har også lest de to som er oppfølgere. Like begeistret, kanskje det kommer fler ?