onsdag 21. januar 2009

Mengele Zoo - Gert Nygårdshaug

Diskusjonen omkring bøkene vi har lese i det siste har vore laber. Derfor forsøker eg denne gongen å legge inn eit litt meir solid innleiingsinnlegg. Dette var, for min del, ei bok det var lett å like. Så nå lurer eg på kva de synes.
Om Mino?
Om tematikken?
Om boka?
Om skrivemåten?
Om etikken i historia?
Eller om andre ting de måtte komme på.

Eg har "jukset littegranne" og kopiert inn ei bokomtale som eg skreiv i oktober, i samband med eit forfattarmøte med Gert Nygårdshaug.

Det er sjeldan at eg leser bøker som er så engasjerande at eg går og tenker på at eg lurer på korleis det går med hovudpersonen i boka. Men denne boka er ei slik bok. Heilt frå første side har eg vore spent på kva som vil skje vidare med Mino, den vesle guten som mister heile familien og landsbyen i ei massakre. Forvirra og redd går han rundt i den latin-amerikanske jungelen, der han møter tryllekunstaren som meir eller mindre adopterer gutungen. Mino sin store lidenskap er sommarfuglar, som han fangar i jungelen og seinare preparerer. Mino har lært, frå han var liten, at ein aldri skal plukke eller hogge ein plante i jungelen, utan å plante ein ny. Dei store multinasjonale oljeselskapa og papirfabrikkane som henter råvarene sine i jungelen lever ikkje etter denne regelen. Etterkvart som Mino blir eldre, startar han ei terroristgruppe som aksjonerer mot desse fimaene som øydelegger jungelen.

Eg har sjølvsagt vore nødt til å legge boka frå meg, men eg har gleda meg til å ta henne opp igjen, kvar gong. Boka er spennande og samtidig rørande. Miljøproblematikken er stadig meir aktuell, men historien om Mino er fortalt på ein måte som verkeleg synleggjer problematikken.

Språket er godt. I den første delen av boka blir historia om Mino fortald på ein barnleg og enkel måte. Lesaren får presentert verda gjennom jungelguten Mino sine auge, og språket gjer presentasjonen truverdig. Den enkle og naive forteljarmåten om kvardagen i jungelen og reisene saman med tryllekunstnaren er gjennomført og veldig god.
Etterkvart som Mino lærer meir om verda, blir også språket til forteljaren meir verdsvant og ordbruken får forteljarstemma til å framstå som langt meir opplyst. Dermed blir språkbruken med på å reflektere utviklinga til karakteren, noko som i neste omgang får forteljarstemma til å framstå som veldig truverdig.

Boka om Mino blei kåra til "Folkets favoritt" av NRK og Dagbladet i 2007. Dette var eit godt val, og boka fortener absolutt denne kåringa. Boka skal nå også filmatiserast av Nils Gaup. Eg venter spent på hans tolking.

Så nå folkens - køyr debatt!
-bai

fredag 12. desember 2008

Diskusjon om "Å redde fisk fra å drukne"

Eg ser til mi fortviling at eg har gløymt å opprette diskusjonen om Amy Tan "Å redde fisk fra å drukne". Eg beklager dette. Herved er også denne diskusjonen sett i gong.

Mengele Zoo av Gert Nygårdshaug

I den siste trekkinga av bok, trakk Ma-2 "Mengele Zoo" av Gert Nygårdshaug.

God lesing!

Diskusjon om Gravkammeret

Kva syntes de om "Gravkammeret" av Kate Mosse?

fredag 10. oktober 2008

Diskusjon om Drageløperen

Då kan vi starte diskusjonen om Drageløperen. Amylin har allereide lagt inn eit innlegg på Hobbyboden, så eg kopierer det over hit:

"Hva synes dere om Drageløperen?

Jeg ble veldig grepet av skildringen av hovedpersonens barndom. Likte boka veldig godt, men syntes slutten virket litt kjapp. Det er da virkelig ikke så lett å få med seg et barn inn i USA? Merket at jeg likte å lese barndomsbeskivelsen best. Syntes heller ikke reisen tilbake og oppgjøret med fortiden appellerte eller fungerte like godt. Men alt i alt, en utrolig gripende bok." Amylin

Lar dette stå som åpningsinnlegg

søndag 5. oktober 2008

Å redde fisk fra å drukne

Hannesol trakk tal nr. 4 og på lista stod "Å redde fisk fra å drukne" av Amy Tan. Denne skal då lesast frå 10.10-10.11.

Eg gleder meg - eg har ikkje lese Amy Tan før, men har tenkt på det. Dessuten synes eg tittelen på denne boka er heilt fantastisk!

tirsdag 9. september 2008

Drageløperen av Kahled Hosseini

Neste bok er "Drageløperen" av Kahled Hosseini.

Dersom eg ikkje mottek nokre protestar setter vi ein måned på denne også. Då skal vi vere ferdige med boka til 10. oktober.

God lesning!